ICDP - foreldrerettleiing

Tennfjord barnehage tilbyr foreldrerettleiing til alle foreldre som har 3 åringar i barnehagen. Det vil verte gjennomført ei gruppe kvar vinter. Gruppene følgjer eit opplegg der ulike temaer for godt samspel vert tatt opp.

Program for foreldrerettleiing er eit tilbod til alle foreldre som har barn i alderen 0 - 18 år. (Tennfjord barnehage tilbyr til dei som har 3 åringar). Gjennom programmet kan foreldre møtast i grupper for å utveksle erfaringar og reflektere over eigen omsorgspraksis. Målsettinga er at den enkelte mor og far skal finne tryggleik og stadfesting på at dei er gode foreldre ved å bli medvitne på kva dei gjer som er bra for barna. Det vert ikkje gjeve oppskrifter, men hjelp til å finne sine eigne løysingar.

Barnehageåret 2016/2017 er det foreldre med barn fødd i 2014 som kan melde seg på i første omgang. Rettleiarane er denne gongen Lill-Therese Eidsvik og Ingvill Kåven.

Bufdir vil i regi av Folkehelseinstituttet gjennomføre eit effektstudie av ICDP i løpet av 2017. Dette tenkjer vi er både interessant og viktig, og har derfor meldt oss som deltakarar i denne studien.

Vil du vite meir? sjå www.bufetat.no/foreldreveiledning/

Lill-Therese Eidsvik