Informasjon om barnehagen

Tennfjord barnehage er den største barnehagen i Haram, med 97 barn. Barnehagen vart opna i 2000, men flytta inn i nye større lokale våren 2006. I 2010 utvida vi med ein større småbarns del. I 2013 vart det modulbygg i tillegg, som ei midlertidig løysing for å få plass til dei som trong det. Barnehagen ligg like ved "Knutepunktet", og har kort veg til både fjell og fjøre. I skogen bak barnehagen har barnehagen eit grindbygg som vert brukt som grillplass. På Kyrkjeskaret har samarbeidsutvalet ved Tennfjord barnehage bygd ein trelavvo i 2015.

Opningstider: Måndag til fredag frå 0645-1645

Vi er ein basebarnehage med barn i alderen 1-6 år. Barna er delt etter alder på fem forskjellige basar som vert kalla Heffalompen (modulbygget), Tigergutt, Ole Brumm, Nasse Nøff og Tussi. Barnehagen sitt fysiske miljø er meir ope med ulike rom innreia etter funksjon. Det vil seie at vi har fantasirom, bibliotek, grupperom, tumlerom, kosekrok, formingsrom, tårnrom og fellesrom i tillegg til baseromma.. Kvart år ser vi på barnegruppene og kva behov dei har før vi lagar til romma slik vi vil ha dei. Barnehagen serverer to måltid om dagen og har då fokus på eit sunt kosthald. Minimum ein dag i veka serverer vi varm mat. Frukost tek barna med heimafrå.

Vi tilbyr:
Aktive vaksne som støttar opp om barna sine leikemoglegheiter slik at leiken kan utvikle barna både intellektuelt, språkleg, fysisk, sosialt og emosjonelt. Vaksne som har fokus på relasjonane mellom barn-barn, barn- vaksen og vaksen-vaksen. For å få til dette, jobbar vi for å få tillit og respekt for kvarandre, vise kvarandre interesse og skape ein god tone i barnehagen. Humor og glede er alfa og omega i dette samspelet.

Barn som medverkar sin eigen kvardag. Det går både på innhald i kvardagen og utforminga av det fysiske miljøet. I tillegg til temaperiodar, har vi i Tennfjord barnehage prosjekt. Prosjekta vert utforma etter interessene til barna.