Val i barnehagen

Rammeplan for barnehagen peikar på at barns medverknad i kvardagslivet i barnehagen legg grunnlag for innikt og erfaring med eit demokratisk samfunn. Det å delta i eit val kan hjelpe barn til å utvikle forståing for korleis eit demokratisk samfunn er bygd opp.  

Valet skal ikkje gjennomførast før torsdag, men vi må gjere oss klare. Alle barn fekk i dag sine eigne valkort.

Nokre av barna er gode til å skrive namn, så dei fekk fylle ut namna til alle som går på Heffalomp.

Ulike fargar vart klipt ut.

Alle barna fekk ein lapp av kvar farge i sin konvolutt (valkort).

Vi laga oss også 6 valurner. Desse urnene vert sett på dei ulike roma som skal få seg fargenamn. Torsdag vert ein spennande dag... Valkampen har alle reie starta!

Anniken