Baseskriv

Heffalomp

Barnehageåret 2017/2018

 

Det nye året har starta og vi har kome godt i gang med å bli kjent med både barna, personalet og lokala. Berre Ana er igjen på Heffalompbygget frå i fjor saman med 8 barn. William er heilt ny i barnehagen som lærling, og vi har to heilt nye barn. 15 barn kom frå Tigergutt saman med Anniken og Hildegunn, men eitt av barna har flytta. Jennifer har hoppa rett opp til Heffalomp frå Tussi, men er kjent med fleire av barna frå tidlegare. Målet vårt no i starten har vore at vi skal knytte nye relasjonar med barn som har gått på Tigergutt, Heffalomp og nye barn som har kome tilflyttande. Leik og turar i små grupper har vore tiltak for å få dette til. Vi har også hatt mykje fokus på at vi skal ha god struktur på dagen, slik at både barn og vaksne finn gode vanar. Det å trekke inn barna i denne prosessen har vore viktig sidan det er lettare å følgje noko vi har eigedomskjensle til. Eit eksempel på dette no i desse valtider, er at barna skal få delta i «val» i barnehagen. Roma skal få nye namn og her skal demokratiet få bestemme. Kvart barn får sine eigne «valkort» og urner vert plassert på alle rom. Roma skal få namn etter fargar som barna vel ut. Demokrati vil oss ha meir fokus på gjennom året, sidan satsinga i år er «Nærmiljø og samfunn». Gjennom deltaking i barnehagefellesskapet skal barna få sjansen til å utvikle forståing for samfunnet i eit inkluderande fellesskap der alle får høv til å ytre seg, bli høyrt og delta.

Eit anna område vi har mykje fokus på er god språkstimulering. Kvaliteten på dialogen med barna er viktig for språkstimuleringa, og då har små grupper fungert godt. Inn i samlingane trekk vi inn rim, regler, song og songleikar. Vi ynskjer også å lese mykje bøker, og få dialog om det oss les.

Dersom de har sett inn på basen, heng det eit stort kart over nærmiljøet vårt. Satsingsområdet for i år er som nemnt tidlegare «Nærmiljø og samfunn», og då er dette starten på å få oversikt over nærmiljøet vårt. Nesten alle barna har fått vist fram husa sine. Desse skal oss markere på kartet. Etter kvart vert det meir og meir som vert markert på kartet av det oss kan finne i nærmiljøet vårt.

 

KLUBB:

Siste året før skulestart har oss «klubb» ein dag i veka. No er det alle barna på basen som skal vidare på skule til neste år, så då er det alle barna som er med på dette. Haram kommune har utarbeidd ein plan for dette arbeidet: «Ein leikande og trygg overgang mellom barnehage og skule», noko vi kan seie er målet for «klubben». Leiken har ein sentral plass i klubben, samt at sosial kompetanse og samarbeid vil ha ein gjennomgåande fokus. Alle fagområda i rammeplanen vert trekt inn i arbeidet. Døme på dette er: Erfaring med høgtlesing, utvikle blyantgrep, kreativ tenking og undring, verte kjent med symbol, medverke i fellesskapet og erfaring om kva ein skule er.

Oss deler barna i to grupper. Ana og Jennifer har klubb inne på Heffalompen. Her vil barna verte kjent med «Herr Snillesen» som er ein bamse barna skal få passe på kvar si helg. Barna får med seg bamsen torsdag og leverer han tilbake måndagen. Neste klubb får barna fortelje om kva ein har gjort saman med «Herr Snillesen». Her øver vi oss både på å formidle og lytte. I tillegg vil eit program som heite «hjertevenn» verte trekt inn. Målet med dette programmet er at barna skal utvikle sjølvkjense, empati og respekt for andre. Vi føl to venner som deltek i ulike situasjonar, og saman med barna diskuterer vi korleis ein skal vere ein best mogelg venn.

Anniken og Hildegunn har klubb ute. Mange av aktivitetane vil ha same fokus, men naturen og nærmiljøet vert her nytta inn mot førskuleaktivitetane. Undring og resonering vil verte mykje nytta i arbeidet. Dette for å hjelpe barna til å ha tru på eigne evner inn mot skulen.

Når det gjeld samarbeid med skulen, brukar oss å samarbeide med 5.trinnet. I høve Tennfjord skule, har oss sett opp datoar der vi skal besøke skulen og skulen besøke oss. Første møtet er 13.september. Vi har ikkje hatt møte med Vatne barneskule enda, men der vil vi også få datoar som vi skal treffast. Barn får faderar som vil knytte band til barna med lesing og leik.

Datoar å hugse på:

-        Foreldremøte 5.september kl. 18.00-20.00

-        Veke 38 har oss brannvernveke.

-        Kvar fredag vil vi ha sykkeldag, noko som er tradisjon på Heffalomp og barna har set stor pris på dette. Da kan alle ta med seg sykkel eller sparkesykkel heimanfrå. Husk hjelm ogsåJ

Då håper vi på eit godt samarbeid dette året også. Ta kontakt om det er noko de tenkjer på.