Ny i barnehagen

Velkomstbrev

Personalet i barnehagen vil sende eit velkomstbrev til barnet før det tek til i barnehagen. I det brevet står praktiske opplysningar, kven som er primærkontakt for barnet, ein innkøyringsplan og invitasjon til eit besøk i barnehagen.

Besøksdag


Vi avtalar ein dag der barnet kan kome på besøk før det startar for å helse på barna og dei vaksne. Denne dagen kjem barnet i følgje med ein vaksen.

Tilvenningstida

Stats- og kommunetilsette har rett til tre dagar fri i samband med barnehagestart. Denne avtalen gjeld førebels ikkje i privat næringsliv, men mange praktiserer den likevel.

 Å bruke god tid på tilvenning kan gi færre adskillingsproblem seinare. Den første tida er det fint at mor eller far er til stades. Det er også fint om dei første dagane ikkje er for lange. Dersom innkøyringsperioda er strevsam for barnet, må foreldra forberede seg på kortare dagar eller vere tilstades meir enn det vi har skreve i innkøyringsplanen. I motsatt fall der innkøyringa går greitt, kan barnet ha lengre opphaldstid enn planlagt.

Innkøyringsplan:

  • Dag 1: Barnet kan vere i barnehagen i 2-4 timar. Den føresette er tilstades heile dagen.
  • Dag 2: Barnet kan vere i barnehagen i 4-5 timar. Denne dagen kan ein gjere små avtalar slik at den føresette blir borte i små periodar. (Her kan ein bruke andre rom i barnehagen) Små barn som skal sove kan legges av mor/far denne dagen i barnehagen.
  • Dag 3: Barnet kan vere i barnehagen i 6-7 timar. Denne dagen kan ein forlate barnehagen etter avtale med personalet, men hugs å gjere avtalar med barna. F.eks.: "Eg kjem tilbake når du er ferdig med å ete".
    NB: Husk å seie "ha det" til barnet. Primærkontakt prøver og legge barnet om det skal sove.

Den fyrste tida er det også viktig å gi personalet beskjed om kvar dei kan nå dykk på telefon. Innkjøyringsplanen er som sagt ingen fasit, det vil variere frå barn til barn. Det er greit å vere her heile tida desse tre dagane om det føles rett, då kan ein sitte i same rom som "trygg base" medan barnet utforskar omgjevnadane.

Mange foreldre er redde for å virke masete, men blås i det! Det gjeld ditt barn - det mest dyrebare du har. Sjå på personalet som hjelparar og allierte. Diskuter dine bekymringar med dei. Det er betre å seie i frå, enn å gå å undre og kanskje ergre seg.

Levering og henting

Av og til kan situasjonen rundt levering og henting vere frustrerande. Personalet tek kontakt og gjer det dei kan for at det fyrste møtet med barnehagen om morgonen skal vere så triveleg som muleg. Den som følgjer barnet til barnehagen må ikkje gå før dei har vore i kontakt med personalet! Dersom born kjem åleine eller saman med større søsken, må dette avtalast på førehand. De kan berre ringe og gi beskjed. Det er lov å sykle til barnehagen saman med foreldra, men ikkje åleine eller saman med eldre søsken.

Ofte kan barn gråte når far eller mor går, men hugs at dette brukar å gå fort over. Gjer ikkje barnet usikker, men ver bestemt. Det er nok å seie hade ein gong. Dersom du er usikker på korleis du skal takle situasjonen, så snakk med personalet om det. Dersom du lurer på korleis det går utover dagen, må du gjerne ringe oss.

Ved henting tek foreldra over ansvaret for barnet så snart dei har henta barnet. Personalet tek kontakt for å fortelje om dagen, og vi oppfordrar også foreldra til å ta kontakt med oss, og å spørje om alt det de ynskjer svar på. Den som hentar barnet må ikkje gå før ein har vore i kontakt med personalet!

Kle og utstyr

Barn er aktive skapningar som er i stadig rørsle. Det er derfor viktig at dei har fornuftige kle! Ikkje bruk klede som dykk er redd for, det kan skje uhell med sakser og måling. Alle kle skal vere merka. Hugs spesielt å merke vottar, sokkar, undertøy og strømpebukser. (Kven kan halde styr på 100 par sokkar og 200 vottar??)

Det er vanskeleg å unngå at barn blir skitne og våte. Foreldra må passe på at det til ei kvar tid er fullt klesskift i barnehagen. Skitne og våte kle vert sendt med heim. Ta ein sjekk av utekleda til barnet ved henting, det er dårleg tørk i barnehagen, og våte klede må bli med heim til tørk.

Det fins lappar på barnet si korg / skuffe og på garderobeplassen om kva som bør vere der av klede. Klede som vert attgløymt vert oppbevart i barnehagen ei stund. Ver flink til å sjekke "dagens fangst" om de eig noko av desse kleda.