Tema barnehageåret 2016/2017

Tema for året 2016/2017

«LEIK OG LÆRING, GIR OSS NÆRING»

Vi bevegar oss vidare frå fjorårets tema der leik og fantasi sto i fokus, til no å rette søkelyset på leik og læring. Læring har fått mykje fokus i media, og då tenkjer vi det er viktig å synleggjere i eit heilhetleg læringssyn, altså noko meir enn berre den formelle undervisninga som ein gjer i skulen.

Leiken har ein sentral plass i barnehagen, både som ein del av barnehagetradisjonen og som ein lovpålagt rett barna har. I Barnehagelova §2, står det at «Barnehagen skal gi barn muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter».  Ein kan tenkje at alle barn leikar og at dette er noko som skjer av seg sjølv, derav er det ikkje behov for å legge til rette for leik. Leiken er indremotivert og barn sett sjølv i gang med leik, men det vil ikkje seie at leiken er god for alle. Ikkje alle barn har kompetansen til å delta i sosial leik, noko som heng i hop med det vi kallar sosial kompetanse, evna til å kunne samhandle positivt med andre. Vi vil gå i djupna på sosial kompetanse i år, fordi det dannar grunnlaget for at god leik og læring skal skje.

Ein god leik kan bli betre med ny input. Det kan vere utstyr barnet treng for å sette idear ut i livet, eller innspel for å sjå leiken frå ein annan vinkel.  Vi vil sjå nærmare på vaksenrolla i leiken;  Kva vil det seie å vere ein nær vaksen for barna i leiken? Og korleis støtte alle barn slik dei opplev glede og meistrar leik med andre barn? Barn lærer gjennom leiken, og i barnehagetradisjonen vert dette verdsett og prioritert.

I rammeplanen stend det at læring skjer i daglege samspel med andre menneske og med miljøet, og at læringa heng i hop med leik, omsorg og danning. Læringa vil vere prega av kvaliteten i samspelet mellom barn og personale og vi skal ha ein anerkjennande veremåte i høve barna si læring.

Barna har ei naturlig trong til å ville lære meir, og det vert vår oppgåve og legge til rette for at læring skjer. Læringa skjer gjennom heile dagen i alt barnet erfarer i samspel med andre. Barna lærer både av kvarandre, av eigne erfaringar, og av vaksne. Og vi som vaksne lærer av barna dersom vi tek oss tid til å undre oss saman med barna. Dette er såkalla uformelle læringssituasjonar, der barnet lærer gjennom det dei opplever her og no. Dei vaksne må vere på jakt etter kva ungane er interessert i og byggje vidare på dette. Døme på dette kan vere mauren som vi møter på tur, søledammen som har blitt til is over natta eller legoslottet som berre rasar ned. Vi kan tilføre barnet ny kunnskap gjennom  formidle det vi ser på som fakta, men den kunnskapen barnet sjølv søker eller erfarer er den som festar seg best og aukar forståinga for verda omkring.

Gode relasjonar i barnehagen er vesentleg for god læring, og det er derfor naudsynt å ha fokus på venskap og relasjonsbygging. Vi må vere tilgjengelege både når barn sjølv opplev at dei treng oss, og når vi ser at barnet har behov for støtte. Dette krev at dei vaksne er nær og at dei har kunnskap om korleis barn lærer.

Leiken er ein lystbetont læringsarena vi må verne om, og det har djupe røtter i barnehagetradisjonen. Leiken oppstår av barns naturlege nyfikne, og gjennom leiken lærer barna. Ny kunnskap utvider igjen innhaldet i leiken og slik fortsett læringsspiralen. Dette vært eit leikent og lærerikt år!