Prosjekt saman med barn

Gjennomføring av prosjekt

Utgangspunktet for val av prosjekttema er barnas føresetnadar, behov, ynskje og interesser. Sidan barnegruppa varierar frå år til år, vil også tema for prosjekta variere frå år til år. Dette medfører at vi har sjeldan same tema kvart år, utanom faste temaperiodar som ”bli kjent”, ”advent” og ”påske”. Når ein tek utgangspunkt i barnegruppa vil ein også få ein naturleg progresjon etter aldersnivå. 

Før ei prosjektperiode startar, har primærkontaktene samla opplysningar om interessene til barnet, enten av barnet sjølv, foreldra eller observasjonar. Ved hjelp av desse opplysningane prøver vi å sette opp prosjekttema som kan fenge barna. Vi set deretter opp ein grovplan for kvart prosjektet der vi trekker inn alle dei sju fagområda som er nemnt i årsplanen, men med ulik vektlegging.

Som foreldre vil de få informasjon i løpet av den første veka, om tema og litt om innhaldet prosjektperiodane skal ha. Etter perioden er over, vil de også få ei oppsummering av kva som har vore gjort.

Om de har innspel til tema eller innhald, eller vil bidra på nokon måte, set vi pris på det :)