Pedagogisk grunnsyn

Som overordna mål for arbeidet vårt her i barnehagen, er visjonen vår ”Vi gjer kvarandre gode”. For å få det beste ut av oss alle, må vi spele på lag, både foreldre, barn og personale.

For å få dette til, har vi valt å ha medverknad som fokus i vårt pedagogiske grunnsyn:

Vi hevdar at gode relasjonar må ligge i botn for å få til medverknad. Tillit er ryggraden i alle relasjonar. Tillit vil seie at vi stoler på kvarandre og meiner at den andre har gode hensikter i samhandlinga. I barnehagen er det viktig at vi har omsorgsfulle vaksne som viser tillit, dei er der for barna, møter barna der barna er, støttar opp om dei, barna blir spurt, lytta til og akseptert som kompetente. Vi vektlegg vaksne som viser respekt for og tek barna sine forundringar og teoriar på alvor. På denne måten anerkjenner vi barna sine opplevingar og handlar gjensidig i samspelet med barna. God omsorg styrkar barna sine føresetnader for å utvikle tillit til seg sjølv og andre, og for å skape gode relasjonar.

Stemninga i barnehagen skal bere preg av ei god atmosfære og av at dette er ein god plass å vere. For å ha god atmosfære, må vi vere imøtekomande. Personalet ser viktigheita med at foreldre og barn vert tatt godt imot og at informasjon til og frå foreldra kjem fram. Vi vektlegg leikne vaksne, som utfordrar seg sjølv og ikkje tek seg sjølv høgtidleg. Glede og humor er viktige kjenneteikn ved barnas tilværelse i barnehagen. Vi kan i barnehagen sjå mange former for glede; gjensynsglede, glede over skapande aktivitetar, meistringsglede, glede i song og dans og i leken m.m. For oss i Tennfjord barnehage er glede og humor alfa omega i samspelet mellom både barn – barn, vaksne – barn og vaksen – vaksen.

Vi jobbar for at barn skal ha moglegheit til å påverke sin eigen kvardag og barnehagen sitt fellesliv. Barna skal bli tatt på alvor og det barn uttrykker skal få konsekvensar for det pedagogiske arbeidet. Dei skal få kjensle av å bestemme saman med andre og ha innverknad på kvardagen. For å få dette til, nyttar vi blant anna prosjekt, der barna er delaktiv i utforminga av innhaldet. Når vi har prosjekt, føler barna at dei vert tatt på alvor og vert hørt av dei vaksne. Vaksne kan la seg inspirere av barna like mykje som barna vert inspirert og utfordra av vaksne. Barna skal også få moglegheit til å bestemme over seg sjølv og ta eigne val. Dette er viktig for å bli eit menneske som tør å ha eigne meiningar og stå imot gruppepress. Vaksenrolla vert her å møte barna sine initiativ og interesser. Det at vi brukar prosjekt og har fokus på barn sin medverknad, gjer at vi har eit utviklande miljø i barnehagen.

Det fysiske miljøet fremmar barns medverknad. Sjølve barnehagebygget er bygd med tanke på barns medverknad. Her er mange ulike rom, som kan ha ulike funksjonar. Barna får delta i vurderinga av sitt eige leike og læringsmiljø. Dette krev vaksne som ser potensiale og kan utnytte denne ressursen. For å utvikle leikemoglegheitene, meiner vi at dei vaksne må vere aktive i leiken; ta tak i barna sine interesser, skjerme god leik, legge til rette varierte leiker, gi borna felles opplevingar og observere leiken for at vi seinare kan trå støttande til der det er behov. Vi vil også vere deltakande i leik for å auke leikereportuaret, hjelpe barn inn i leiken, forandre på leikemønster og utfordre barna i leiken. 

10.05.2010