Uteliv

Dei første vekene her på Tussi har vi brukt til å verte kjende med kvarandre. Vi har hatt fantastisk vèr og med born som likar seg godt ute har vi stort sett vore ute kvar dag, både på formiddag og ettermiddag. Vi har brukt heile barnehageområdet: framsida, baksida og skogen.

I dag gjekk vi ut på formiddag, vi fann fram eit stort rør og laga store såpebobler, både Tussiane og dei andre som var ute sytes det var kjekt. Vi fekk havregrynsgraut med blåbær og rosiner til lunsj, det fall i smak hos dei fleste:)