Kulturelle tradisjonar

Haustfest:
Hausten markerer vi med ulike fargar. Det er mange fargar om hausten og det er mykje mat som vert hausta. Gjennomføringa vil vere ulik frå år til år.

Nissefest:
Adventstida har i barnehagen mange tradisjonar som vi vil ta vare på. Julenissen er ein tradisjon og også noko som barna set pris på. Kvar adventstid vil vi arrangere nissefest slik at barna får kle seg ut som nissar. Er vi heldige kjem den verkelege nissen på besøk...

Luciafeiring:
Foreldre, barn og nokre frå personalet møtast på ettermiddagen ute og hyggar oss med kakao og lussekattar. Klubben vil ha ei markering ilag med skulen på dagtid.

Julevandring:
Kyrkja har som tradisjon å invitere barnehagane i Haram til julevandring i kyrkja. Det er ein fin måte å formidle juleevangeliet på. Det er dei eldste borna i barnehagen som får vere med på dette.

Påskevandring:
Kyrkja har som tradisjon å invitere barnehagane i Haram til påskevandring i kyrkja. Det er ein fin måte å formidle påskebodskapen på. Dei eldste borna i barnehagen får vere med på dette. 

Mini -17.mai:
Dette markerar vi rett før 17.mai. Då trenar vi oss på å gå i tog og synge nasjonalsongen. Elles vil markeringa vere forskjellig frå år til år.

Sommarfest:
Når sommarferien nærmar seg og sola byrjar å varme skikkeleg, vil vi feire at sommaren har kome. Dette vil vi markere forskjellig frå år til år. Det er ein fest vi har på dagtid for dei barna som er i barnehagen den dagen.

Grillfest:
Som ei avslutning på året, arrangerer samarbeidsutvalet ein grillfest på kveldstid. Foreldre og søsken vert invitert. På denne festen markerer vi også dei barna som skal begynne på skulen, med overrekking av "Mi bok".

Bursdagsfeiring:
Kvart enkelt barn får feire sin bursdag i barnehagen. Vi feirar basevis. Vi heng ut flagget, lagar til langbord, og under måltidet får bursdagsbarnet krone og eit bilde som gåve frå barnehagen. I tillegg får dei velje seg ein ting frå "bursdagskassa". (Foreldra betaler inn 30 kr i starten av året til dette formålet.) Det vert fortalt litt om barnet, når det vart fødd, kor stort barnet var, kva det første ordet dei sa var osv..  Vi syng bursdagssongar, "kastar" barnet opp i lufta, "skyt opp rakettar" og avsluttar det heile med eit stort fruktfat. 

Kulturell Kafe`:

SU arrangerar dette arrangementet ein gong i året, til no har det vore i februar. Vi samlast til sosialt samver, underhaldning, god mat og kaker samt utstilling av produkt barna har laga. 

Foreldrekaffi:

I løpet av året arrangerar kvar base eit par sosiale aktivitetar for barn og foreldre. Dette vil ha noko ulikt form og innhald, og informasjon vert gitt i forkant av kvart arrangement.

Mi bok
Kvart enkelt barn får sin eigen perm når dei byrjar i barnehagen. Det vert skrive om barnet si utvikling og oppleving av året i ein årsrapport, vi sett inn teikningar og bilete av barnet. Når barnet sluttar i barnehagen får det med permen heim som ei gåve frå barnehagen. Barnet sjølv og foreldre kan fritt ta ein titt i permen når det er ynskje om det. Permen står på basen barnet tilhøyrer.