Baseskriv

BASESKRIV FRÅ TUSSI

Då er vi godt i gang med eit nytt år inne på Tussi, velkommen tilbake etter ferien til dei som har gått her før, og velkommen til alle dei nye, både barn og vaksne. Barnegruppa dette året ser slik ut:
ALINA, HEDDA LOUISE, WILLI, JUNE, MARKUS, JULIE, PIA, MILLIEN EMIAS, JOHAN, PERNILLE, OLINE, SOFIA ELEN, WILLIAM OG NOAH ALEXANDER.
Dei nye er no godt i gang og byrjar etter kvart å verte kjende med både dei vaksne, borna og litt rutiner som vi har gjennom dagen. Vi har mykje fokus på rutiner inne med oss, då vi veit at dette er viktig for små barn for å få trygghetsfølelsen. Målet vårt for denne perioden er at alle skal verte trygge i barnehagen og på kvarandre, og vi skal ha god tid til kvar enkelt barn.
Dagsrytme:
06.45: Barnehagen opnar
06.45- 08.45: Frokost/ leik, fellestid med Tussi (skal barnet ete i barnehagen må de levere innen 08.30).
09.00- Tannpuss/ samling
09.30- 10.30: Aktivitet/ leik inne eller ute
10.30: Potte/ bleieskift
11.00: Lunsj. Varm mat ein gong i veka
Etter lunsj sove/ kvile/ rolege aktivitetar fram til frukt.
13.30: Potte/ bleieskift
14.00: Fruktmåltid, biola tre gongar i veka
15.00- 16.45: Fellestid saman med Tussi
16.45: Barnehagen stenger.

Startsamtale:
Med dei nye barna som har starta i barnehagen skal vi ha ein oppstartsamtale. Denne samtalen er for at vi skal kunne møte barnet ditt på best mulig måte, og det er ein fin måte å verte litt kjent med dåkke som foreldre på også.

Foreldresamtaler:
Foreldra får tilbud om foreldresamtale to gongar pr. barnehageår. Dette skal vere ein samtale der de som foreldre får ta opp ting som de er opptatt av, og der vi som pedagogar har litt fokus på trivselen og utviklinga til barnet ditt slik vi ser det her i barnehagen. Vi tek kontakt når tida for samtale nærmar seg, slik at vi får avtale tidspunkt.

Utstyr barna må ha:
•Alle må ha eiga drikkeflaske (merka med navn), foreldra tek med flaska heim til vask kvar fredag
• 2 fulle klesskift i skuffa. Skapa bør inneholde fleece/ ullkle, vottar, hue/panneband. I grovgarderoba har barna eigne knaggar til regnkede, og hyller til støvlane.
•Tannkost og tannkrem
•Innesko/tøfler (Vi skal ha brannvernveke i veke 38, og då er det fint om barna har innarbeida gode rutiner med bruk av innesko)

Det er fint om dåkke merkar alt av klede og utstyr. Sjølv om det ikkje er så mange barn på Tussi, er det ikkje alltid lett å vite t.d kven som eig dei ulike smukkane (mange er lik!)....

Minner om foreldremøte tirsdag 5.september, då vil de få meir informasjon, både praktisk informasjon og informasjon om kva vi vil legge vekt på dette året.

Vi gler oss til å bli godt kjent med både barna og dåkke som foreldre, og ser fram til eit flott samarbeid.

Tone, Anita, Susy, Susann, Unni og Nina